I MEDIA
Milepæl nådd i evalueringa av oppvekstavdelinga
Hausten 2021 vart det sett i gang ei evaluering av kommunalavdelinga oppvekst. Det kom då inn mange gode innspel frå leiarar, tilsette og tillitsvalte i avdelinga. Frå juni i år valte rådmannen å sjølv ta ansvaret for evalueringa. Det vart òg tatt ei avgjerd om å styrka arbeidet med evalueringa ved å søkja ekstern bistand. Etter ein anbodsrunde vart Agenda Kaupang valt til å gjennomføra oppdraget. Dei fyrste funna i kartlegginga er no presenterte.